Velkommen til Fjordtønna i Samnanger! På Tysse lagar vi tretønner, trau, stampar og mykje anna fint basert på lange bøkkartradisjonar i området. I ei tid med mykje plast og lettvinte løysingar er vi stolte av å laga skikkeleg kvalitetshandtverk som varer til gode prisar.

Vi er oppteken av å ta vare på dei rike bøkkartradisjonane, og er som economuseum opne for publikum til å koma og sjå korleis ei tretønne vert til i verkstaden. I butikken har vi «juksa litt» og laga nokre flotte, fiks ferdige tønner som du kan få kjøpa med deg heim om du vil. Flotte gåver som varer til dei som har alt!