Besøk oss


Promovideo

    Promovideo

      Promovideo

Sjå vår nye promovideo her.

 

Om oss

Alle våre produkt har vi laga sjølve frå materialstablane kjem i hus til tønnene er klare for levering. For å kunna levera skikkeleg handverk etter lokale tradisjonar har vi til og med måtta laga fleire av produksjonsmaskinene sjølve. Dette er ikkje enkelt, men løna for innsatsen er at vi no kan laga tønner vi er stolte av å levera!

Dette er også vår garanti til deg: våre tønner er unike og laga frå grunnen av – slik dei skal lagast – i ei lita bygd innerst i Samnagerfjorden!

Butikken vår på Tysse er fyllt opp av flott kvalitetshandtverk. Flotte gåver som held seg fine år etter år!

Alle våre produkt kan lasergraverast, spør oss om motiv eller ta med ditt eige design!

 

Johannes Tysse på Fjordtønna lagar miniartyrtønner på tradisjonelt vis på verkstaden i Samnanger.

Johannes Tysse på Fjordtønna lagar miniartyrtønner på tradisjonelt vis på verkstaden i Samnanger.

Opningstider

Fast opningstid tysdag og torsdag 13.00 – 18.30.

Du er elles velkommen til å stikka innom oss også utanom desse dagane – vi er som regel i verkstaden frå 7-19 på kvardagar.

 

Her finn du oss

Butikken er på Indre Tysse 56, 5650 Tysse. Avkøyring ved Tysse bru: stort Economuséebanner viser vegen 200-250 meter opp frå brua. Her er stor oppstillingsplass og snuplass for buss like ved verkstaden.

 

Grupper

Fjordtønna butikken på Tysse er full av gåveidéar til den som har alt!

Besøk butikken vår på Tysse og få gode idéar til gåve til jubilanten!

Forhåndsbestilt omvising. Pris kr. 100,- p.p. (min. 15 pers.). Omvisinga tek 1-1 1/2 time. Enkel servering (kaffi/te/saft og oppskorne kakestykke). Anna servering som smørbrød og kaker på forespørsel.

 

Fjordtønna Economusée

Fjordtønna er medlemsbedrift i prosjektorganisasjonen Economusees Northern Europe. Her vert du invitert til å koma på besøk for å oppleva bøking og bøkkerhistorie. Du får også med deg moderne produksjon og design. Alt dette kan du følgje tilrettelagt steg for steg etter Economusee-konseptet.

Aldri høyrt om economuséer før?

Dette er ein internasjonal organisasjon som består av handtverksbedrifter i Vancouver i vest til Jämtland i aust som tek vare på gamle handtverkstradisjonar og syner dei fram for publikum.

Opplev skikkelege handtverkarar i aksjon innan ei rekkje handtverkstradisjonar i Norge, her er våre gode kolleger:

Her finn du meir informasjon om Economuséer i Nord-Europa: www.economusee.eu og www.economusee.no

 

Bøkkarhistoria i Samnanger

Tradisjonelt vart ferdigmodna ansjos lagt ned på miniatyrtønner av tre. Dette var den vanlege emballasjeforma for ansjosen då ho vart sendt ut til kundar i inn- og utland.

Miniatyrtønnene med norsk ansjos kunne ein finna på matbord over hele verda. Det vart årlig laga mange hundretusen tønner i Noreg. I 1881 vart det eksportert ansjos i 456.000 miniatyrtønner på 3 1/2 liter!

Fjordtønna vart starta i 1998 og ligg i bygda Tysse inst i Samnangerfjorden. Dette er eit område som har rike tradisjonar innan bøkkarverksemd!

Vi har teke vare på dei flotte bøkkartradisjonane, men tilpassa oss dagens strenge hygieniske krav til emballasje. Våre tønner er voksa på innsida slik at dei er lette å reingjera skikkeleg. Vi har også gjort det enklare for deg med ein ny type lok som ein lett kan ta av og på!